I 2022 slapp ARY debutalbumet “For Evig” som vart skildra som “eit rystande godt verk” av Aftenposten. Me vart fyrst kjend med ho i 2015, då ho med eit brak overvelda dei norske musikkhjarta med elektriske popbeats og den spektakulære stemma. Etter 200 konsertar, mellom anna på Vinjerock i 2018, trakk ho seg attende for å verte endå betre kjend med sitt eiga lydbilde.
No er ho klar for å verte sameina med fansen, denne gongen som artist og produsent - med eit heilt nytt sceneshow og ein imponerande musikkatalog.
Kva du kan vente deg på Vinjerock 2023? GAFFA ga ARYs konsert på by:Larm terningkast 6 og skreiv “Om berre denne konserten kunne vare for evig”.
Det blir stas å sjå ARY på Store-Vinje til sumaren! Velkommen attende!
Foto: Ole Martin Halvorsen