Synne Vo

Synnevo Williamblofeld Hor

Frå Lesja til Eidsbugarden: Synne Vo kjem endelig til Vinjerock!
Få artistar har teke landet med så mykje sjarm, kraft og speleglede som ho. Frå Lesja i Gudbrandsdalen har ho på få år dundra inn i både hjarter, hitlister og festivalprogram. Med sin varme dialekt, eit band med trøkk og låtar som sit som spikra, leverer Synne konsertar fulle av fest, nærleik og ekte møte mellom artist og publikum. Det er umogleg å ikkje smile,  og nesten umogleg å stå stille.

Sidan debuten i 2018 med «Lær meg å leve» har det gått slag i slag med storlåtar som «Lykke te», «MVH» og «Heime». I 2024 kom albumet «Kanskje det går te helvete», som sikra toppterningar og jubel i både Aftenposten og Dagsavisen. Det vart tett fulgt opp av “Ps. Kanskje det går” i 2025. Me er utan tvil om at det går, ikkje til helvete, men som det susar med Synne!

Synne Vo er i ferd med å bli ein av dei verkeleg store, og med deltaking i suksessen Hver gang vi møtes ventar det berre fleire eventyr rundt neste sving. Legg inn i kalenderen: dette kjem til å bli ei musikalsk høgdeoppleving når me feirar 20 år i 2026!