Eitt trommesett. To saksofonar. Og eit lydinferno som får fjell og telt til å riste: Det danske fenomenet Smag På Dig Selv kjem til Vinjerock!
Frå undergrunnen i København har denne eksplosive trioen teke Norden med storm.
Musikken er ein vill miks av akustisk techno, rå pønk-energi og 90-talls inspirert dansemusikk - ei instrumental kraftpakke som ikkje spør om du vil danse, men tvingar deg ut på golvet. SPDS handlar om energi. Om frigjering. Om å sprenge dei vanlege grensene for korleis ein konsert skal høyrast, og kjennast ut.
Sidan starten i 2018 har dei fylt klubbrom og festivalscener med sveitte, kaos, eufori og jubel. I 2024 kom debutalbumet SPDS og over 11 000 publikummarar dansa i ekstase til musikken deira på Roskilde Festival samme år.
I tillegg til teknodrivet og dei ruvande grooves har dei vakt merksemd for noko heilt unikt i livesamanheng: nordisk strupesong og aktivistisk slam poetry frå scena. Førebu deg vinjerockar: Dette er ikkje berre musikk. Dette er ei oppleving du kjem til å hugse i kroppen lenge etter siste saksofontut har døydd ut.