ELIA kjem til Vinjerock for fyrste gong! Med ein klokkeklar, sjelfull stemme og ein lyd som blandar nordisk melankoli med elektroniske pulsslag, har ho teke publikum over heile landet med storm. ELIA si kunstnariske identitet handlar om sjølvråderett, kraft og kompromisslaus uttrykksvilje. Då bransjen ville styre, valde ho å stå aleine. Ho lærte seg musikkproduksjon sjølv, bygde lydbiletet sitt frå botnen, og skapte noko ingen andre kunne lage.
Debut-EP-en Emasculate sette tonen: rå melodiar, skarpe tekstar og singelen «Love Me» vart ein av dei store låtane i 2025, eit sjeldant kraftsenter i norsk popmusikk. Sidan har ho stått på dei store scenene, og merksemda har nådd langt utanfor landegrensene. No går kviskren i både London og LA om jenta frå Ski med si heilt eiga sound.
MEN, før verda tek ho med vidare, kjem ho til Eidsbugarden, heilt på hennar eigne premiss, og på fjellet kjem det til å slå gnistar.