Det blir nært, rått og vakkert når Daniela Reyes inntek Vinjebue for ein heilt akustisk konsert på Vinjerock 2026! Reyes er ei av dei mest lovande unge tekstforfattarane me har i landet, og det er heilt på sin plass at ho tek over Vinjebue og gjer det om til ein musikalsk gøymestad du ikkje vil gå ut frå.
Debutalbumet hennar “Engangsdager” vart motteke med eit unisont jubelrop frå norsk presse, og Daniela Reyes har målbunde publikum med sine underfundige og ærlege tekstar og eit sensasjonelt scenetekke. No er ho ute med andrealbumet “La meg være ditt gjemmested”, og formatet er endå nærare og endå meir intenst enn før. Dette blir utan tvil eit magisk augeblikk på Vinjerock 2026!