Uranostind - Søregga (2157 moh.)
Var det nokon som sa vakraste tinden i heile Jotunheimen? Vel, no kan du avgjere sjølv kva du tykkjer, for saman med lokale fjellførarar vert det fem turar til Uranostind under årets Vinjerock. Denne, via Søregga, er lengre og meir krevjande.
Første del av turen går inn til Uradalsvatnet og vidare bratt opp til den nordlegaste Urasnostinden på 2048 moh. Deretter luftig klatring/klyving til hovedtoppen. Ned igjen følgjer vi normalvegen som går over breen.
Gradering: Sort
Plassar: 2 per tur (merk at dette er ein tur for kun to personar, kjekt å gjere som vener eller om du har lyst til å gå på tur og bli kjend med nokon nye)
Pris: 3200,-
Tidspunkt:
- Fredag 08:00-18:00
Kva treng du av utstyr:
- Fjellstøvlar
- Turklede
- Mat og drikke
Vi stiller med alt naudsynt bre- og sikringsutstyr.
Oppmøte: Den store parkeringsplassen ved Fondsbu, det er felles avreise frå festivalområdet og inn i Koldedalen med bil.
Turen er i regi av Tyin Aktiv