Snøggprat i lyngen

Joakimmangen Vinjerock Lør 24000Px 7977

Snøggprat i lyngen

Singel, glad i festivalar og likar å gå i fjellet? Då hadde vel ingenting vore betre enn å finne kjærleiken på fjellet – under Vinjerock?

Me ønskjer å sjå flørt i fjellet, og håpar det vil oppstå søt musikk når 24 personer legger ut på singeltur. To turleiarar er med for å vise veg, og inspirere til god stemning. Me sørger sjølvsagt for at begge kjønn er godt representert.

Er du mellom 25 og 35 år oppfordrast du til å melde deg på! Finn du ikkje kjærleiken denne gangen, har du i alle fall fått ei flott oppleving– og ei grønn hue du kan bruke igjen på neste fjelltur.

Kjøp

Gradering: Grøn (sjølvsagt!)

Plassar: 24 per snøggprat

Pris: 300,-

Tidspunkt:

  • Fredag 14:00-16:00

Utstyr:

  • Mat og drikke
  • Gode sko
  • Glimt i auge

Oppmøte: DNT ung sin turinformasjon klokka 10:45, me går frå festivalområdet klokka 11:00

I regi av DNT ung

 

Fjellsjekkereglane

1. Legg gjerne ut på sjekking på fjellet utan trening. Øving gjer meister!

2. Meld frå kvar du går, slik at ein kan møtast igjen.

3. Vis respekt for andre sin luefarge. Grøn lue betyr ledig, rød lue betyr opptatt og oransje betyr kanskje åpen for kontakt.

4. Bli verfast – og få ein ekstra dag til å finne din utvalgte.

5. Ta alltid med rikeleg tursnacks som kan delast. Vegen til hjertet går ofte gjennom magen.

6. Lytt til erfarne fjellsjekkarar.

7. Hugs kart og kompass, slik at du kan spørre om hjelp til å bruke det.

8. Gå ikkje åleine, spør om de skal slå følge.

9. Vend i tide, det er ingen skam å springe etter for å spørre om telefonnummeret.

10. Spar ikkje på smila og le av dårlege vitsar om nødvendig.

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.