Skeiv snøggprat i lyngen

Joakimmangen Vinjerock Fre 24000Px 7015

Skeiv snøggprat i lyngen

Singel, glad i festivalar og liker å gå i fjellet? Då hadde vel ingenting vore bedre enn å finne kjærleiken på fjellet – under Vinjerock?

Me ønskjer å sjå flørt i fjellet, og håpar det vil oppstå søt musikk når me tek den gode stemninga på singelturane og lanserer den i skeiv versjon! Om du er jente som likar jente eller gut som likar gut så er du velkomen til å prøve å finne kjærleiken med oss. To turleiarar er med for å vise veg, og inspirere til god stemning. Me sørger sjølvsagt for at begge kjønn er godt representert.

Er du mellom 20 og 30 år oppfordrar me deg til å melde deg på, so slepp du å lure på om kjekkasen i teltet ved sidan av er singel – og om de eigentleg har nokon felles interesser.

Finn du ikke kjærleiken denne gongen, har du i alle fall fått ei flott oppleving – og ei grøn lue du kan bruke igjen på neste fjelltur.

Kjøp

Gradering: Grøn (sjølvsagt!)

Plassar: 24  

Pris: 300,-

Tidspunkt:

  • Torsdag 11:00-13:00

Utstyr:

  • Mat og drikke
  • Gode sko
  • Glimt i auge

Oppmøte: DNT ung sin turinformasjon klokka 10:45, me går frå festivalområdet klokka 11:00

I regi av DNT ung

 

Fjellsjekkereglane

1. Legg gjerne ut på sjekking på fjellet utan trening. Øving gjer meister!

2. Meld frå kvar du går, slik at ein kan møtast igjen.

3. Vis respekt for andre sin luefarge. Grøn lue betyr ledig, rød lue betyr opptatt og oransje betyr kanskje åpen for kontakt.

4. Bli verfast – og få ein ekstra dag til å finne din utvalgte.

5. Ta alltid med rikeleg tursnacks som kan delast. Vegen til hjertet går ofte gjennom magen.

6. Lytt til erfarne fjellsjekkarar.

7. Hugs kart og kompass, slik at du kan spørre om hjelp til å bruke det.

8. Gå ikkje åleine, spør om de skal slå følge.

9. Vend i tide, det er ingen skam å springe etter for å spørre om telefonnummeret.

10. Spar ikkje på smila og le av dårlege vitsar om nødvendig.

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.