Reparasjonsstove med Bergans og DNT ung

Reperasjonsverkstad med DNT Ung

Hol i ei bukse eller treng hjelp til å lappe ein dunjakke? Bergans stiller med reperasjonsutstyr og kunnskap saman med flinke folk frå DNT Ung, og hjelper deg i knipa.

Bergans tek med symaskiner, lappesaker. DNT Ung og Bergans stiller med nevenyttige folk for å hjelpe Vinjerockarar i knipe. Om buksa raknar i eit hallingkast eller litt mykje rulling i lyngen lagar hol i dunisen, kan du få hjelp i teltet ved sidan av Intersport-teltet, mellom Fondsbu og Eidsbugarden Hotel. 

Reperasjonsstova er open:

  • Torsdag 14:00-18:00 
  • Fredag 09:00-11:00 og 14:00-18:00
  • Laurdag 09:00-11:00 og 14:00-18:00

Å reparere i stadenfor å kjøpe nytt er bra for både lommeboka og miljøet. Det likar me godt, her på Vinjerock.