Panoramatur til Utsikten (1485 moh.)
Treng du eit avbrekk frå festivallivet? Kva med å bli med på ein tur med DNT ung på panoramatur til Utsikten? Dette er ein kort/mellomlang tur som med litt værflaks kan by på ein utrolig panoramautsikt over Jotunheimen. Me fylgjer DNT-stien mot Yksendalsbu ein bit før me ved stikrysset tek mot høgre opp og mot toppen. Her kan ein som gruppe også velje å gå vidare til det høgaste punktet på fjellryggen, Skjenegge, som ruvar 1607 moh.
Turen inneheld ingen eksponerte parti, og det einaste partiet som kjennest luftig er sjølve toppen. Delar av turen går i ur og ulendt terreng og me må forvente å passera nokre snøfonner mot toppen. Det kan difor vere lurt å ha på gode og solide sko.
Gradering: Grøn
Plassar: 12 per tur
Pris: 350,-
Tidspunkt:
- Fredag 10:00-14:00
Utstyr:
- Stor og god matpakke
- Stor vannflaske
- Gode sko
- Varme klær
- Solbriller og solkrem
Oppmøte: DNT ung sin turinformasjon klokka 09:45, me går frå festivalområdet klokka 10:00
Turen er i regi av DNT ung