Lågterskeltur til Høystakkane

Tur Inasolem 7

Roleg tur til Høystakkane

Festivallivet kan vere utruleg kjekt, men samstundes ganske slitsomt. Bli derfor med oss på ein litt rolegare tur. Turen til Høystakkane går idyllisk langs Bygdin. Etter å ha fulgt vatnet litt bortover, startar stien å snike seg litt opp skråningen. I det du kanskje kjenner at kroppen er litt sleten er me på toppen og kan nyte ei fin utsikt. Frå toppen ser me attende mot festivalområdet og vidare innover langs Bygdin. Me tek ein god pust i bakken på toppen før me går attende.

Gradering: Grøn 

Plassar: 25, førstemann til mølla

Pris: Gratis, turen krev ikkje påmelding 

Tidspunkt:

  • Fredag 13:00-16:00

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke
  • Solbriller og solkrem

Oppmøte: DNT ung sin turinformasjon, oppmøte klokka 12:45

Turen er i regi av DNT ung

Gradering av turar

Grønn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.