Padlekurs med DNT Ung
Kunne du tenkje deg å padle kajakk på høgfjellet? Her får du høve til det - på sjølvaste Bygdin! Dette er eit introduksjonskurs i havkajakk etter Norges padleforbund sin mal, med godkjende instruktørar.
På kurset vil du mellom anna bli kjend med havkajakken og anna utstyr som høyrer med. I tillegg får du padla og lært enkle padleteknikkar, til slutt på ein velte kajakken - det er valfritt, men eit krav for å få godkjent kurs. Etter fullført kurs får du våttkort med oblat for introkurs havpadling.
Gradering: Grøn
Plassar: 12 per kurs
Pris: 900,-
Tidspunkt:
- Torsdag 12:30-15:30
- Torsdag 16:00-19:00
- Fredag 11:30-14:30
- Fredag 15:00-18:00
- Laurdag 14:00-17:00
Utstyr:
- Ullundertøy innerst på kroppen
- Hue, vottar, buff/skjerf
- Vindtette ytterklær
- Tørt skift til alle plagg - hugs tørre sko. Ved velt blir heile du blaut, men du kan fint padle i tjukke sokkar eller sandalar.
- Handkle
- Noko lett å spise, varm og kald drikke
- Solkrem og solbriller (me satsar på varmt sommerver)
Det vil ikkje bli lånt ut våt/tørrdrakter.
Oppmøte: DNT ung sin turinformasjon 15 minutt før kurs
Kurset er i regi av DNT ung