Gokarkurs
Her er ambisjonen enkel - å lære bort eit festtriks eller to, i god Vinjerock-and. Til å gjera det har vi fått oppover to vyrde hallingdansarar!
Du treng korkje være kar eller særleg sprek for å vera med på kurset. Noko å imponere med frå lausdanstradisjonen, lærar du same kva.
Nemnde vi at både hattesparking og rævkrok er gode måtar å avgjere kven som er sprekast på?
Gradering: Grøn
Plassar: 15
Pris: 350,-
Tidspunkt:
- Fredag 11:00 - 14:00
Utstyr: Lette klede (dropp olabukse og fjellsko om du kan)
Oppmøte: DNT ung sin turinformasjon
Kurset er i regi av Anders Aasberg