Fjellswing
Har du lyst til å ha det swingande moro i fjellheimen? Meld deg på fjellswing, då vel!
Her får du moglegheita til å læra deg swing med høgt fokus på å ha det kjekt på dansegolvet. På kurset vil ein lære seg ein type 4-takts bygdeswing, ypparleg for festival og moro. Det blir fokus på enkle ting som gjer vegen ut på dansegolvet kortare. Alt i alt lite komplisert, men mykje moro. Du treng ikkje å kunna noko swing frå før, lysten til å trampe takta og ha det moro er nok.
Kurset vil vara i 2 timar. Lenge nok til å ha det moro, kort nok til å ikkje gå glipp av alt anna på festivalen.
Hugs å melde deg på som «førar» eller «bli ført» alt etter kva du ynskjer å dansa som. Det er ikkje nødvendig å ha dansepartner for å melda seg på.
Instruktørane er Elisabeth Mork Fjeldvær og Kristoffer Nedrehegg. Dei har fleire års swingande erfaring og likar å kombinera ulike typar swing i lag.
Swing deg i mektig natur og meld deg på!
Gradering: Grøn
Plassar: 20 plassar per kurs
Pris: 400,-
Tidspunkt:
- Torsdag 13:00 - 15:00
- Fredag 11:00 - 13:00
Utstyr:
- Sko som er moleg å danse i
- Godt humør
Oppmøte: Ved Vinjestatuen utanfor Eidsbugarden Hotell