Uranostind (2157 moh.)

53865613986 13D5e09331 O (2)

Uranostind (2157 moh.)

Majestetiske Uranostind ragar 2157 meter over havet og er eit eventyr av ein tind, med sine skarpe ryggar, luftige høgder og utsyn som tek pusten frå deg. Denne klassiske toppturen på eit markant landemerke i sørlege Jotunheimentek deg gjennom variert og vilt terreng, med ei spennande kryssing av Uranosbreen, ein mektig isbre som ligg og glitrar under tindane, før du når toppen.

Fjellet blei først bestege i 1876, og blir av mange rekna som ein av dei vakraste tindane i heile Jotunheimen. Frå toppen ventar ei utsikt du seint vil gløyme, med tindar, brear og fjellsjøar i alle retningar. På klårversdagar skin toppane rundt deg som ei krone, og du kantil og med sjå heilt til Gaustatoppen i sør.

Under årets Vinjerock kan du bli med på ein av fem guida turar til denne majestetiske tinden, saman med erfarne fjellførarar frå Tyin Aktiv.

Ting Uranostind

Gradering: Raud

Plassar: 14 per tur (to turlag på 7 med 1 guide på kvart lag) 

Pris: 1750,-

Tidspunkt:

  • Torsdag 07:00 - 16:30
  • Torsdag 08:00 - 17:30
  • Torsdag 09:00 - 18:30
  • Fredag 07:00 - 16:30
  • Fredag 07:45 - 17:15
  • Laurdag 07:45 - 17:15
  • Laurdag 08:45 - 18:15

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke

Det er viktig å ha gode fjellsko som går over ankelen og har stiv sole. Dette for best mogeleg sikkerheit. Elles, stiller me med alt naudsynt bre- og sikringsutstyr.

Oppmøte: Den store parkeringsplassen ved Fondsbu, det er felles avreise frå festivalområdet og inn i Koldedalen med bil.

Turane er i regi av Tyin Aktiv

Gradering av turar

Grøn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Midddels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.