Quiz med Mia & Jørgen

fredag 19.07 kl. 14.00
Quiz 2017 Bendik Hassel

Samle dine næraste Vinjerock-vener, eit sitteunderlag og ein vinnarskalle av stål.

Den store Vinjerock-kvissen med Mia & Jørgen skjer sjølvsagt på Vinjerock 2024 også! Dei har med seg DJ KoseLars og lovar lettbeint kviss og nostalgiske bangers! Går du for siger? 

Det er lov med opp til seks personar per lag. Ta med sitteunderlag og trim hjernecellene på denne akkurat-passe-vanskelege quizen. Vinnarlaget får fire festivalpass, samt moglegheita til å kjøpe to billettar ekstra slik at heile laget kan reise opp og prøve seg på den legendariske quizen i 2025 også. 

Tid: Fredag kl. 14:00

Stad: Vesle-Vinje

Ta med: 

  • Godt humør
  • Quiz-hovud 
  • Din eigen stol (du må ta den med ut av området att etter quiz) 

Vel møtt!