Pinsjmarknad

2

Pinsj inviterar alle Vinjerockarar til tidenes festivalbruktsal!

Pinsj er ein grøn, digital plattform fro friluftsliv kor ein kan selje brukt, leige og leige ut ditt eige turutstyr - alt på ein stad. 

I år arrangerer dei bruktsalg på Vinjerock. Alt du treng å gjere er å registrere deg som brukar på Pinsj, og finne fram bruktskattane du tenkjer nokon annan kan får glede av. Du registrerar varen på pinsj.no og tek den med på Vinjerock. Dei fiksar salet for deg, mens du nyt festival. Finn fram ullgenseren eller goretex-jakka som du har innerst i skåpet frå i fjor og gje det moglegheit til eit nytt liv. Dine brukte turklede kan bli nokon andre sitt nye favorittplagg. 

Opningstider: 

  • Fredag 12:00-17:00 
  • Laurdag 12:00-17:00

Slik fungerar det

  1. Registrer deg som brukar på pinsj.no
  2. Lag ein salsannonse med det du ynskjer å selje og registrer at du vil selje det på "Bruktsalg i butikk" hjå Vinjerock 
  3. Ta med deg plagga, fyll ut lappen med salsinfo og heng frå deg på stativet til Pinsj på festivalområdet. Dei stiller med stativ, hengarar og lappar
  4. Nyt festivalen og tjen ekstra pengar. Du får ein sms når plagga dine er seld, og du får 100% av salet direkte på Vipps
  5. Klede som ikkje blir seld må hentast siste festivaldag, og har sjølv ansvar for å ta det med deg heimatt. Hentar du ikkje varene dine vil Pinsj donere desse vidare til ein veldedig organisasjon. 

Pinsj-grunnleggar Alexander Gamme er til stades ned sine eigne bruktskattar og ser til at alt går rett for seg med bruktsalet. Kanskje kan du få eit turtips eller to på kjøpet?

 

Ikkje berre kan du tjene ekstra pengar på festival, men du bidreg og til ein grønare festival og redusert avtrykk av friluftslivet. Veit du at med eit forbruk på cirka femten milliardar kronar i året, nytter kvar og ein av oss tre gonger meir på sports- og fritidsutstyr enn den gjennomsnittlege europear? 

Som Pinsj seier, meir eventyr, mindre avtrykk!