Multisport

lørdag 20.07 kl. 11.00
53062922707 06Fb1e5ee2 O

Multisport

Klar for di mest varierte fjelloppleving nokon sinne? Med friluftsglede i fokus, og moglegheit for å teste konkurranseinstinktet!? Vi gjev deg Vinjerock: Multisport 2024!

Start og mål på Eidsbugarden, postar i nærområdet i ein radius på ca. 5 km.

Personleg utstyr: Joggesko, sekk, skallklede (på seg eller i sekken), tørt skift i sekk, minst ein liter vatn, pluss at me anbefalar noko energifylt å knaske på.

Ting Multisport

Pris: 1000,- per lag (to personar)

Gradering: Blå

Tidspunkt: Laurdag 11:00 - 14:00, premieutdeling klokka 17:30 på Parkscena

NB! Skriv namnet på laget og båe deltakarane i kommentarfeltet ved betaling. 

Lagutstyr: Mobiltelefon i tett pose, kompass, pluss at vi anbefalar enkelt fyrstehjelpsutstyr.

Utlevert utstyr: Ved start får utøvarane utdelt kart med delvis postskildring. Elles er alt nødvendig utstyr på dei bemanna postane.

Konseptet: Målet i konkurransen er å samle flest poeng på 25-30 ulike postar. Val av rute er fritt, men bør leggast opp med tanke på å få mest mogleg poeng, og å unngå kø på postar.

Poengberegning: På dei ubemanna postane får ein poeng etter kor posten ligg (poenga er angitt på kartet). På dei bemanna postane får ein poeng ut frå korleis oppgåva vert gjennomført.

Tidsstraff: Tidsstraff for kvart påbegynte minutt over tidsfrista, diskvalifisering ved målgang meir enn 10 min over 3 timar. Skrid ein over avsatt tid trekkes ein i poeng. 

Kostyme: Beste kostyme premierast, det lønner seg å vere kreativ! 

Klasseinndeling:

  • Dame
  • Herre
  • Mix

Oppmøte: Oppmøte vil vere i nærleiken av festivalområdet og vere godt merka. Meir info kjem. 

 

Gradering av turar

Grønn (Enkel): Dette er stort sett korte og enkle turar som passar for alle, utan krav til spesielle ferdigheter eller utstyr. 

Blå (Middels): Dette er turar som passer for deg som har grunnleggjande turferdigheter og er i normal fysisk form.

Raud (Krevande): Turar merka med raudt passer for erfarne turgåere, med god utholdenhet. Turane krev ofte gode tursko og bekledning. 

Svart (Ekstra krevande): Dette er turar som passar for erfarne fjellfolk, med god fysikk, styrke og utholdenhet. Gode tursko og bekledning trengs på desse turane. På desse turane vil me stille med nødvendig utstyr som stegjern, tau og sele etc. 

Merk at uforutsette hendingar som er utanfor Vinjerocks kontroll ikkje gjev krav på refusjon for allereie betalte aktivitetar.