Krise på tur

fredag 19.07 kl. 12.00
Gnagsårkurs

Dette kurset har som mål å gje deg eit praktisk innblikk i korleis ein kan handtere uforutsette situasjoner i fjellet. Gjennom ein interaktiv verkstad kan du lære korleis å bruke fjellvettreglane, pakke riktig utstyr og utføre grunnleggjande fyrstehjelp. De får både teoretisk kunnskap og praktiske ferdigheiter, noko som gjev auka beredskap og tryggleik på tur. Kurset dekkjer fleire viktige emne:

  1. Fjellvettreglane: Ei gjennomgong av dei essensielle reglane for trygg ferdsel i fjellet, inkludert historie og moderne tilpassingar.
  2. Pakkeliste: Kva ein bør ha med seg på tur, og kvifor dette utstyret er viktig.
  3. Tryggleik og sikkerheit: Scenariobaserte diskusjonar om hypotermi, gnagsår og dårleg ver, med fokus på førebygging og handling.
  4. Praktisk førstehjelp: Øvingar med eige førstehjelpsskrin, inkludert bruk av trykkbandasje og HLR-trening med Anne-dukke.

Ting krise på tur

Gradering: Grøn

Plassar: 14

Pris: 350 kr

Tidspunkt:

  •  Fredag: 12:00-14:30

Utstyr

  • Klede etter vêr
  • Liggeunderlag

Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass"

Kurset er i regi av DNT ung.