Nokon som er klar for å møtast på 1060 moh neste sommar? Her kjem ein statusoppdatering frå Vinjerock i Vang. 

Sist oppdatert 10. november 2020

Vyrde Vinjerockarar. Annerledesåret 2020 tikkar mot slutten. Og godt er det, for eit år utan Vinjerock er verkeleg veldig rart!

Det er likevel fint å tenke tilbake på at vi faktisk fekk samla nokre hundre menneske i fjellet i august, for å nyte musikken frå 9 grader nord og Ingebjørg Bratland mellom tindane.

Takk for det hyggelige laget, til alle som var der saman med oss! Spesielt sender vi ei takk til støttespelarane våre Valdres Sparebank, Eidsiva Breiband og DNT Ung som bidrog til å skape Ferdaminne sumaren 2020. 

Vi planlegg Vinjerock 2021

No er det Vinjerock 2021 som fyller tankane våre, og kanskje dykkar også. Planlegginga er i full gang, og vi drøymer kvar dag om kor steike fint det skal bli å samle Vinjerockarane på Eidsbugarden igjen.

Vi skulle gjerne sett inn i krystallkula og visst nøyaktig korleis neste festivalsommer blir. Dessverre er det lite som er som vanlig for tida. Covid-19 er framleis ein stor trussel mot liv og helse verda over, og vi må halde fram med å følgje retningslinjene frå myndigheitene så lenge det er nødvendig. 

Vi i Vinjerock ynskjer å vera så sikre som mogleg på kva slags festival vi får lov til å lage før vi sel festivalpassa til Vinjerock 2021. Kanskje gjer smittevernsreglar at festivalen må bli litt annerledes enn vi er vant til.

Det betyr at festivalpassa ikkje blir lagt ut før jul, men vi avventar til over nyttår. 

Vi håpar og trur at nyåret kjem med gode nyheiter, og vi kjem til å gi dykk beskjed så snart som råd om når festivalpassa blir solgt!

Som de hugsar, har dei som hadde festivalpass i 2020 forkjøpsrett til neste festival. Les meir om det her. 

Frivillige

Sidan vi held fram med planlegging av både vanlig og annerledes Vinjerock, kjem frivilligrekrutteringa også noko seinare enn de er vande med. 

Informasjon blir sendt ut på mail til dei som allereie var registrerte for 2020. Den åpne registreringa kjem det informasjon om på nettsider og ellers i våre kanalar når det åpnar!

Fleire artistar på plakaten

Vi ligg ikkje på latsida smed planlegginga sjølv om festivalsommaren 2021 framleis er litt uklar i kantane. 

Onsdag 11. oktober slepp vi to nye artistar som skal få oss til å danse på Eidsbugarden 2021. Steike, så bra det blir! Følg med. 

Ofte stilte spørsmål

Lurar du på noko anna? Vi har samla nokre av spørsmåla vi oftast får frå dykk her:

Blir det Vinjerock 2021? 

Vi jobbar mot å arrangere Vinjerock 2021, og håpar og trur at det vil gå den vegen. Vi følger kontinuerlig med på oppdateringar frå myndigheitene. Enn så lenge er det ingen som sikkert kan seie om store festivalar og arrangement kan foregå neste sommer, men vi håpar at det snart vil komme på plass løysingar for vaksine og testing som gjer festival i fjellheimen mogleg. Oppdateringar blir lagt ut på www.vinjerock.no og på nyheitsbrev. 

Kven artistar kjem på Vinjerock 2021? 

Fleire av artistane som var booka i 2020 har blitt med over til 2021. Det er vi skikkelig glade for! Her er artistane vi har slept til Vinjerock 2021 så langt. Og du? Det kjem fleire.

Kva konsekvensar hadde det at Vinjerock 2020 vart avlyst? 

For Vinjerock, skjer all verdiskaping i løpet av tre dagar i juli. Når vi ikkje kunne lage festival som normalt, mista vi også store delar av inntektene våre, som vi brukar til å leve på gjennom året og planlegge neste års hending. Takka vere mange fantastisk rause vinjerockarar som donerte ordrane sine frå vinjerock 2020, har vi klart oss gjennom siste del av året. Myndigheitene har også lagt ut ein kompensasjonsordning for avlyste arrangement, og vi ventar spent på om vi får støtte derifrå. 

Når Vinjerock og andre store arrangement ikkje blir arrangert, betyr det at også mange andre profesjonelle aktørar mistar jobben. For både artistar, sceneteknikerar, lydteknikerar, lysteknikarar, hotell og turisthytter, lavvoutleige og busselskap, lokale matleverandørar og mange andre, er store arrangement viktige for at hjula skal gå rundt. Derfor håpar vi som jobbar med Vinjerock av heile våre hjarte, at 2021 blir eit betre år for heile bransjen og alle vi er avhengige av for å arrangere festival på 1060 moh. Difor håpar vi også at de går på konsertar og arrangement av hjartans lyst innanfor dei rammene som er til ei kvar tid!

Eg hadde festivalpass i 2020. Når får eg kjøpe festivalpass til Vinjerock 2021? 

Informasjon om sal av festivalpass blir lagt ut på nettsida vår og sendt ut til dei det gjeld så snart det er klart for billettsalg. 

Eg hadde DNT-festivalpass i 2020. Når får eg kjøpe festivalpass til Vinjerock 2021? 

Informasjon om sal av festivalpass blir lagt ut på nettsida vår og sendt ut til dei det gjeld når vinjerock veit meir. 

Får eg refundert pengane dersom Vinjerock 2021 blir avlyst?

Ja. Du kan velge å få refundert kjøpte festivalpass (unnteke billettgebyr) dersom festivalen blir avlyst grunna tiltak mot covid-19, eller dersom festivalen av andre grunnar ikkje kan avholdast. 

Eg avstod frå refusjon av min festivalpass-ordre i 2020. Når får eg gensaren min? 

Gensaren er under produksjon medan vi snakkar! Vi ventar at den kjem i postkassane til folk før jul. Kos dykk med den!