Nye og gamle sørvestlege tonar kjem til fjellheimen i sommar! 

Sist oppdatert 13. januar 2021

Med sine høge hopp og ville energi er båe dei neste banda på tapetet kjente for å vere blant Noregs aller beste liveband.

Sjå artistane som allereie har satt seg på lista for årets Vinjerock.

 

KAKKMADDAFAKKA

I over ti år har dei fylt musikklokale over heile verda, og i sommar kjem dei til oss. Bergensbandet fant saman allereie i 2004, og sidan har dei produsert låtar som har blitt sunge på i alle verdas hjørne. Gutane er kjent som eit av Noregs beste liveband, og leverer tonar i høggir på scena. «Baby when I have you, I don’t need nobody else», syng dei, så då kan det vel eigentleg ikkje bli så mykje betre.

 Det blir andre gongen dei skal spele på Eidsbugarden under Vinjerock, og me gler oss til å liggje i lyngen med fargerike solbriller og digge til tonane frå vest.

Foto: Hania Komasinska

 

HONNINGBARNA 

Pønkgutane frå Søgne kjem til fjells i sommar, og tek med seg masse ny musikk som har blitt spilt inn det siste året. Sørlendingane har holdt trykket oppe sidan dei debuterte i 2011, då dei vart kåra til årets Urørt av P3. Medaljane har deretter komme på løpande band, mellom anna med prisen for Noregs beste liveartist på P3 Gull i 2015. Under det alternative året som gjekk, gleda dei fansen med ein konsert der dei spelte den same songen femti gonger på rad, for ein og ein publikummar.

Me gler oss til å nyte nye deilig pønk frå Honningbarna!