Vinjerock ligg langt til fjells, men Vinjerockarene får til det meste likevel! Her finn du all info om korleis du kjem deg til fjells i sumar. 

Sist oppdatert 03. juni 2022

Saman med Sweco har Vinjerock laga eit klimerekneskap som visar kva slags utslepp som er størst hjå oss. Øvst på lista ligg mellom anna transport. Om halvparten av dei som kjem til Vinjerock tek festivalekspressen og alle dei som køyrer bil syt for å vere minst tre personar i kvar bil kan me saman halvera utsleppa. 

Her finn du informasjon om dei ulike måtane du kan komme deg til fjells, og nokre gode tips til korleis du kan vere med på å kutte utsleppa.

Korleis kjem eg meg til fjells?

Festivalekspressen er ikkje berre den enklaste måten å komme seg til fjells, den er også best for lommeboka og miljøet. Den går frå Oslo, Sandvika, Bergen og Oslo - utan bussbyte, heilt inn til Eidsbugarden. På sundag kan du tinge billett anten du vil attende til same stad, eller vidare til ein av dei andre byane! Nytt av året er du må ha en billett for kvar veg, så hugs å tinge retur òg! 

Du kan å reise kollektivt frå der du er. Finn kollektivtransport til Tyinkrysset på entur.no. Der byter du til lokalbuss, eller vår skyttelbuss.

Er det slik at du skal køyre bil er samkøyring ein god idè. Det er lurt å fylle han med minst tre glade Vinjerockerar, eller aller helst - fyll han heilt opp, det gjer godt for både miljøet og lommeboka. På Vinjeskyss 2022 kan dei som vil tilby skyss og dei som ynskjer skyss til Vinjerock kome i kontakt med kvarandre. 

Når du kjem opp med bil lyt du nytte festivalparkeringa. Her kan du kjøpe parkeringsbillett i forkant som du scannar hjå parkeringsvertane våre når du kjem opp. Det er ikkje mogleg for festivaldeltakarar å køyre inn til Eidsbugarden, og parkerer du langs veg, utanfor veg eller på private hyttetomter, blir du taua bort.

Er du frivillig på Vinjerock? Frivillige parkerer gratis!

Kjem du med rutebuss til Tyinkrysset eller har parkert på festivalparkeringa går vegen vidare med skyttelbuss til festivalområdet. Torsdag og sundag er skyttelbuss inkludert i festivalpasset, onsdag må du betale. Kjem du før onsdag må du ta ordinær rutebuss frå Tyinkrysset til Eidsbugarden, rutetidene finn du på entur.no.

Me gjer merksame på at det ikkje vil er tillete å køyre bil inn til Eidsbugarden før sundag kl 16:00.

Kva burde eg tenke på?

Så kva er eigentleg lurt å tenke på når det kjem til miljø og lommeboka? Me har samla det viktigaste for deg her: 

  • Ta festivalekspressen - enklast, best for lommeboka og miljøet.
  • Du kan reise kollektivt frå der du er, finn kollektivtransport på entur.no.
  • Lyt du køyre bil, fyll han opp med minst tre glade Vinjerockerar - eller fyll han helst heilt opp.
  • Køyrer du el-bil finn du ladestasjonar på Tyinkrysset fjellstue.

 

Les meir om transport, finn prisar og kjøp billettar her