Det er viktig å få dansa skikkeleg høgt til fjells - i år inntek desse scena og gjev oss ettersteva me har lengta etter! 

Sist oppdatert 30. mai 2022

Mamdu

Som lita såg ho på MTV og ville bli bakgrunnsdansar for Missy Eliott. Som stor blei ho lyddesigner, DJ, klubbkoordinator og A&R for Universal Music. Ho bevegar seg i landskapet mellom undergrunn og mainstream, med det postmoderne og afro-futuristiske, samt anna urban svart musikk. Mamdu vitjar Eidsbugarden for andre gong og lovar nok ein gong at det blir eit heitt dansegolv 1060 meter over havet. 

 

Adipop 

Adipop har på spelt på klubbar i Oslo og i utlandet sidan 2012. Den Oslo-baserte DJen kombinerar hip-hop og RnB med afrobeat, kizomba, dembow, dancehall, baile og elektronisk musikk. Ho er sterk influert av nigeriansk musikkultur, samt den jamaicanske danehall- og reggaescena. Ho skapte seinast ville dansetilstander på Vinjerock i 2017 som halvparten av DJ-duoen GYMMEN - no gler me oss til å få ho attende!

 

 

Demokratisk Dansegulv 

Elskar du å kunne velje muskikken du vil høyre når du skal danse? Lei av at DJ’en ADLRI speler di favorittlåt? Ja? Det gjer Demokratisk Dansegulv me. 

Det blir ein god gamaldags DJ-battle på Vinjerock når Demokratisk Dansegulv inntek scena. Her møtas to DJ-lag til eit heftig slag, og det er publikum som bestemmer kva slags låt dei speler. Vil dykk høyre Backstreet Boys eller Kurt Nilsen? Beyoncé eller A-ha? Toto eller Spice Girls? Det er helt opp til dykk! 

Demokratisk Dansegulv er lovar å spelle låtane som får dansfoten og allsangen i gong.

 

DRAMAqueen

DRAMAqueen er dj-duoen bak det skeive klubbkonseptet med same namn av Bente Jørgensen og Martine Hammervold-Austinat. Sidan første klubbkveld i 2018 har dei produsert Fredagen akka Kvinnekvelden for Oslo Pride, spelt over det ganske land og heldt koken ein kveld i månaden på Elsker i Oslo. Klubb DRAMAqueen er lite sjølvhøgtideleg, fullt av glitter og guilty pleasures. Austinat leverar ei deilig blanding av pop, rnb, throwbacks, remixane du ikkje forventar og alt ho elsker av bassdreven musikk. Bente Talentet køyrer ut den geniale miksen av hip hop, elektronika og hits du treng i fjellheimen. 

Velkommen til fjells DRAMAqueens! 

Foto: Orhan Kuresevic