Ryktet går frå Berlin til Bygdin om at det skal dansast på Vinjerock 2021. 

Sist oppdatert 08. januar 2021

Gode nyhende frå fjellet! To nye artistar føyer seg inn på den eminente line-up'en til Vinjerock 2021. Frå før finn du mellom anna Gabrielle, Miss Tati's Angola 70, Cezinando, Oslo Ess og fleire på plakaten.

Sjå alle artistane som er bekrefta til Vinjerock 2021 her!

Med desse to artistane, får vi nokre tilskot som lovar å sørge for fyring på dansegolvet. Steike, det er deilig å sleppe artistar til folket att!

 

KAMARA

KAMARA er kommen for å bli, sa anmelderane då 22 år gamle Fatumata Kamara entra Vill vill vest-scena i Bergen i 2019. Artisten syng eigne låtar med unik stemme og like særeigne tekstar. I sitt musikkunivers møter KAMARA verda med eit satirisk blikk, utfordrar normer og reglar, utforskar identitet, sjølv-kjærleik og ein sterkt generasjonsskifte i samfunnet.

Musikken hennar er reinspikka, fengande pop. KAMARA leverer karismatisk og dansbare låtar, som kjem til å få heile Eidsbugarden til å danse. Velkommen til fjells, KAMARA!

Foto: Ida Fiskaa

Aiming for Enrike

Aiming for Enrike let framleis som noko du ikkje har høyrt før. Dei har lenge vore kjent for sine frenetiske og ville live-shows, som har tatt dei verda rundt. No siktar Aiming for Enrike seg inn mot dansegolvet, og det gjer dei med eit futuristisk, funky og inkluderande musikkverd. Med inspirasjon frå så ulike artistar som Talking Heads, Jon Hopkins, Abba og mr. Oizo, veit du kanskje ikkje heilt kva du kan forvente. Filmar og seriar som Stranger Things, Blade Runner og Interstellar står også på inspirasjonslista. Blir du noko klokare?

Heilt sikker kan du vere på at energi og eksplosivitet står på menyen når Aiming for Enrike inviterer oss inn i deira eiget univers - denne gongen på 1060 moh.