Ein heil drøss med spanande røyster er klare for Vinjerock 2023! Me møter Eirik som har vore fanga i eit juv i Tyrkia, Ane Bastad Solvang i samtale med Kristine Bjartnes om Sporty Ponni og det blir historiefortelling på høgt nivå når Jan Sparstad fortel om huldra i Vinjebue. 

Sist oppdatert 03. juli 2023

FANGA I JUVET 

Våren 2022 befann Eirik seg i Tyrkia for å padle Manavgat-juvet saman med kompisane Martin og Ruben. Turen blei meir dramatisk enn dei tre kameratane såg for seg. Plutseleg befann Eirik seg i desperat overlevelsesmodus fastlåst i eit Tyrisk elvejuv, åleine, utan mat, kommunikasjonsmoglegheiter og utstyr.

Til Vinjerock kjem han for å fortelje om opplevinga, kva som skjedde med kroppen og kva for tanker som for gjennom hovudet hans.

SPORTY PONNI 

Sporty Ponni fortel historia om ei grøn heks på ei fantastisk reise i skogen, som finn glede i si eiga einsemd. Fri frå rammeverket til eit konvensjonelt samfunn, og alle dei forventa oppgåvene som følgjer med for kvinner, viser Sporty Ponni ei mystisk verd der kvinner kan vere frie og nøgde med sitt eige selskap.

Sporty ponni, hovudpersonen i Ane Barstad Solvang si nyaste utgjeving med same tittel, blei skapt under pandemien. Ho er mindre nedstemt enn ho er midt i ei akutt eksistensiell krise, vekt til live blant husvask. Ho strevar likevel mot skogen, der ho søkjer å vere fri.

No kjem Ane til Vinjerock for å ta ein prat med forfattaren av "Kvinnehelse i krisetid", Kristine Sommerset Bjartnes. Kristine er feminist, aktivist og kunstinteressert, og saman skal dei to grave i Sporty Ponni, kunsten og feminismen.

"Sporty ponni" (Utgitt av Colorama Print). 
Foto: Tomine Barstad Solvang

SKAPERBYGDA VANG: VANGSMETODEN

I Vang har me mange dyktige og framoverlente folk som hiv seg ut i det ukjente med den største sjølvfølge, og med klokketru på at det skal gå bra. Denne mentaliteten og trua på at det ein driv med, kan lykkast, har resultert i blant anna Vinjerock, bygdeutviklingsselskapet Innovangsjon, spennande prosjekt og på generell basis ein ganske positiv Vangsjeldning!

Men kor kjem eigentleg denne kreativiteten og ureddheita frå, er det eit medfødt gen i Vang, eller ligg det noko meir bak? Me avslører for dykk; Vangsmetoden!

Møt Innovangsjonsminister Ida Nordland Hillestad i samtale med Fri-Nat sjef og frilufts guru Harald Bøe, forfattarane bak boka Badstufolk Hallgrim Rogn og Knut Lerhol, og kommunalsjef for utdanning og kultur Marta Bjørnøy Lalim.

Samtalen vert presentert av Vang kommune og Innovangsjon

 

DEN SKJULTE HULDRA

Huldra betyr den skjulte. Få har sett ho og færre blir dei, men litt veit me. 

Det lille eg menier å vite deler eg gjerne.

Bli med på fortellerstund med Jan Sparstad, han driv gard på Vennis i Vang i Valdres - men ser ikkje på seg sjølv om ein mønsterbonde. Til Vinjerock kjem han for å dele forteljergleda si og historiar om huldra.