Fieh hoppa inn på kort varsel då Kamara måtte melde avbod til Hausttakkefest i Vang.

Sist oppdatert 21. september 2021

Fieh er så godt som lokale, med bandmedlemmer frå Eina på Toten. 

Fieh kombinerer vibbar frå musikalske æraer, før bandmedlemmene var påtenkt, med eit moderne uttrykk. Dei legg ikkje skjul på at det tykkjer instrumenta let bra på 70-talet, og hentar inspirasjon frå jazz, funk, R&B og Soul, side om side med pop og hiphop frå dei siste to tiåra. Alle som har opplevd ein konsert med denne gjengen, veit at det er ei oppleving av dei sjeldne. Debutalbumet «Cold Water Burning Skin» fekk strålande annmeldelsar, og bandet var nominert til beste popgruppe same år. Fieh har som mål å levere engasjerande kvalitetsmusikk til sitt publikum - både live og på plate. 

- Det er utrulig luksus å få eit så dyktig band på plass på kort varsel. Eg har gledd meg til å sjå Fieh att sidan dei spelte på Vinjerock for nokre år sidan, så dette blir utrulig kjekt å oppleve, seier festivalsjef Sigrid Skjerdal. 

Fieh går på scena klokka 19 i hagen på Sommerhotellet.