Sist oppdatert 21. november 2021

Endeleg kjem Emilie Nicolas attende til Vinjerock. Sidan ho vitja festivalen i 2015 har det skjedd mykje - ho har mellom anna turnert Norge og Europa, fylt Den Norske Opera og Ballett heile to gonger og sloppe dei kritikerrosa albuma Tranquille Emile og Let Her Breathe. Med sitt heilt unike tekstunivers, si teft for melodiar og fengslande nærvær tvilar me ikkje på at det blir ei oppleving utan like når Emilie inntek scena på Vinjerock.

 

Foto: Thomas Qvale