På Vinjerock har me aktivitetar som passar alle festivalgjengarar. 

Sist oppdatert 06. juni 2023

Vinjerock er ein festival for dei bedagelege og dei spreke, og blant kursa og aktivitetane på festivalen finn du noko som passar alle. Tysdag 13. juni klokka 12.00 kjem alle aktivitetane ut for sal - så da er det bare å kaste seg rundt!

På programmet finn du klassikarane Uranostind, Falketind og Galdeberget. Det er swingkurs og gokarkurs, og dei populære kajakk kursa er og på programmet. Det er kurs for deg som vil lære førstehjelp, eller du som vil imponere den søte karen du traff med lekker mat på primus. 

Nytt av året er tur til Vinjerock med DNT ung frå Bygdin i aust til vår kjære Fondsbu i vest, breath workshop og eye-gazing, lefsebakekurs og SUP elv. 

MULTISPORTEN - er det kanskje den du ventar på? 

Denne konkurrasen som måler vågemot, kondis, kreativitet og hjerneceller er rivande populær, og då gjeld det å sitja klar for å skaffe billettar. Få med deg ein lagkamerat med tæl, og hiv deg med! 

Og du? Det er slett ikkje farleg, du treng ikkje springe fort eller hoppe langt. Her er det berre å kose seg gjennom artige postar, i latterleg fine omgjevnadar.

Ser dykk til fjells, mykje tyder på at me skal kosa oss i år også. 

Sjå heile programmet for Vinjerock 2023