Dei fyrste seks artistane er klare for å ta turen til fjells sumaren 2023. Me får deilig pop frå Trøndelag, besøk frå nabodalen og ikkje minst får rockefoten noko å rocke til! 

Sist oppdatert 11. januar 2023

HELLBILLIES 

I 2022 vart det spekulert i det vide og breie då Hellbillies-vanen parkerte i skugga av Eidsbugarden Hotell, få timar før den planlagte overraskinga skulle på scena. No er det ei glede å fortelje at vanen kjem att i 2023, fylt med dei ekte medlemane av det legendariske bandet.

Hellbillies har lang fartstid i Norsk kulturliv og har gjennom over tretti år blitt heidra for evna si til å smelte saman amerikansk og norsk musikktradisjon, mellom anna med “Hedersprisen Spellemann”. Dei utmerkjer seg med eit uttrykk som favnar i fleire generasjonar, og framhevar at det er ekstra stas at unge artistar plukka opp låtane deira og får suksess med det. Det er berre å byrje med finpussen av swingturane no når Hellbillies endeleg skal få rockefoten til å svinge på Bygdins vestre breidde under Vinjerock 2023!

Foto: Agnete Brun

ARY 

I 2022 slapp ARY debutalbumet “For Evig” som vart skildra som “eit rystande godt verk” av Aftenposten. Me vart fyrst kjend med ho i 2015, då ho med eit brak overvelda dei norske musikkhjarta med elektriske popbeats og den spektakulære stemma. Etter 200 konsertar, mellom anna på Vinjerock i 2018, trakk ho seg attende for å verte endå betre kjend med sitt eiga lydbilde. 

No er ho klar for å verte sameina med fansen, denne gongen som artist og produsent - med eit heilt nytt sceneshow og ein imponerande musikkatalog.Kva du kan vente deg på Vinjerock 2023? GAFFA ga ARYs konsert på by:Larm terningkast 6 og skreiv “Om berre denne konserten kunne vare for evig”. Det blir stas å sjå ARY på Store-Vinje til sumaren! Velkommen attende!

Foto: Ole Martin Halvorsen

BEHARIE

Han har allereie rukke å hanke inn ein Spellemann for sin EP Beharie // Beharie og no vitjar han Vinjerock for fyrste gong. Beharie har begeistra heile musikknoreg med musikk som treff ein nerve, han har vorte samanlikna med Frank Ocean og NRK P3 gjekk så langt som å seie at “Om Leon Bridges, Michael Kiwanuka og John Legend fekk eit barn saman ville det vore Beharie”. Me gler oss til å oppleve hans soulunivers på Vinjerock i 2023 - velkomen til fjells Beharie!

 

Foto: Malin Longva

THEA & THE WILD 

Tenkj varmt, organisk, luftig, gitarbasert og ekstremt nynbart og der har du Thea & The Wild. Bak artistnamnet finn me musikar Thea Glenton Raknes, ho er kjend for ei nerve og ein nærvære på scena som er få forunt (og serverer gjerne nokre artige anekdotar mellom slaga). Debuten kom i 2014 til strålande respons og Spellemannsnominasjon og albumet Ikaros frå 2018 blei trekt fram som eit av ti album ein burde lytte til av Rolling Stone Magazine (!!!). No tek ho med seg sitt nyaste album Deadheading og snur nasen mot fjellet og Vinjerock. Me gler oss!

Foto: Magdalena Malinowska

OSLO ESS 

Rocken døyr aldri! Det har Oslo Ess bevist gong på gong. Bandet har sparka opp dører, knust vindauge og solgt ut kjellerlokalar, stover og storsalar rundt det ganske land sidan dei slo igjennom i 2010. No pakkar dei  rockesekken og tek føtane fatt til 1060 meter over havet, velkomen til Vinjerock gutar!

Foto: André Løyning

MALL GIRL 

Mall Girl såg dagens lys i 2017 under eit bandprosjekt på studiet til medlemma Eskild, Iver, Veslemøy og Bethany. Sidan dei starta opp, og no med sine nye utgjevingar, er Mall Girl eit av dei mest spennande popbanda å følje med på om dagen. På Vinjerock 2023 kan de vente dykk fengjande poplåtar som vert brutt opp av overraskande vendingar og intrikate gitarriff. Dei leverer ein eklektisk indie-fest der dei gong på gong viser seg plassen på det alternative pop-kartet verdig. 

Me gler oss stort til Mall Girl kjem på Vinjerock for fyrste gong.

Foto: Jonathan Vivaas Kise