Det er med stor sorg vi må avlyse Vinjerock 2021 som følge av pandemien og tiltaka som følger. 

Sist oppdatert 20. mai 2021

Det er ikkje mogleg for oss å lage ein festival som blir ekte Vinjerock for dykk i sommar. 

Alle som har kjøpt festivalpass får automatisk refusjon.

Alle som hadde festivalpass i 2020 får overført forkjøpsretten til 2022. Meir informasjon kjem på e-post. 

Hugs å sjekke at kontaktinformasjonen på kontoen din på Ticketmaster er riktig. 

Det er utruleg trist og rart at vi må oppleve nok ein sommar utan festivalen vår. Vi har forsøkt i det lengste å finne måtar å kunne gjennomføre slik at det blir ekte Vinjerock, men med usikkerheita som pandemien fører med seg er det ikkje mogleg. 

Vi takkar samarbeidspartnerar, artistar og management, leverandørar, alle menneska på Eidsbugarden og i Vang, støttespelarar, frivillige, stab og ikkje minst dykk i publikum for at de står med oss. 

Som vi gler oss til å danse mellom tindane på Eidsbugarden med dykk om eitt år. Tilbake på Vinjerock slik festivalen skal vere.

Ha ein nydelig fjellssommar, vyrde Vinjerockarar!