Ta med deg cowboyboots og snytepapir opp på fjellet

Sist oppdatert 04. mars 2021

Denne gongen serverer vi ei god blanding av både sjangrar og renommé, og ryktene skal ha det til at det blir både høge spark og tårevått. Her kjem dei siste artistane, som føyer seg i Vinjerocks gullrekke 2021. 

Sjå alle artistane som er klare her. 

 

FAY WILDHAGEN 

Med gitaren i handa og si deilege røst har Fay Wildhagen bergtatt oss sidan 2015. Allereie på sitt første år som artist vart ho nominert til beste nykommar, både på Spellemann og P3 Gull. I tillegg var ho ein del av artistrekka til Vinjerock det året, noko ho og var igjen i 2018. Fay er kjent for å vere ei dotter av naturen, og 2020 har vore eit år dedikert til å skrive låtar til skifilmen om Aksel Lund Svindal, og delta på friluftsdraumen, 71 grader nord – Norges tøffaste kjendis. 

Dette blir tredje gongen ho står på scena framfor Eidsbugarden. Me gler oss til å høyre tonane og nyte utsikta over Bygdin saman med Fay. 

Foto: Johanna Siring

 

DIE WITH YOUR BOOTS ON ALL-STAR BAND 

«Nordicana» er det nye, seier anmelderane. Det er eit samlenamn for norsk klassisk rock, country og blues-relaterte sjangrar. Og under denne nemninga finn me grupper frå heile Noreg som tilhøyrer plateselskapene Die With Your Boots On Records og Jansen Records. Denne konserten garantere imponerande tonar frå nokon av noregs fremste artistar innanfor sjangeren – Darling West, The Northern Belle, Malin Pettersen, Louien og Signe Marie Rustad. Me seg har dei eit knippe dyktige musikerar klare for å ta turen til fjells. 

Det blir andre gongen Malin Pettersen får oss til å svinge på rockefoten, mens dei andre skal bergta oss for fyrste gong, og me kan ikkje vente! 

Foto

Louien: Margit Selsjord

Malin Pettersen: Sunniva Hartgen 

Darling West: Lars Petter Pettersen

The Northern Belle: Julie Marie Naglestad

Signe Marie Rustad: Marthe Amanda Vannebo