Det kjem ein drøss med gode historieforteljarar til fjells i sumar, her er dei første. 

Sist oppdatert 20. april 2023

Høgt og lågt med Ekspedisjonsjenta

Amy Mir, kjend som Ekspedisjonsjenta, tok eventyrlysta fatt som 20-åring og la i veg på sin første ekspedisjon same året som ho kjøpte sitt første par med fjellski. Det markerte startskotet til sju komande vinterekspedisjonar med ski og pulk. Neste eventyr er aldri langt unna, og me kjem til å sjå mykje meir av Amy Mir i framtida - både høgt og lågt.

 

Verkelegheitas #vanlife

Lite visste Tuva då ho ferdigstilte vanen sin i 2021, og var desperat etter fridom, at ho skulle bli buande i den på fulltid i to år. Lite visste ho kor mykje frykt ho ville kome til å måtte jobbe seg gjennom når ho vendte nasen mot Spania. Kor mange forventningar som ikkje vart møtt, og kor godt kjend ho måtte bli med det som oppheldt seg utanfor hennar eiga komfortsone. Samtidig innsåg ho ôg raskt kor lite ho visste om kor rikt eit liv i bil kunne kjennast, kor fylt med nye venskap, læring og djup glede dette livet kunne bringe.

 

Han, solo

Han, solo er ei forteljing om kjærleik, identitet og tilhøyrsel. Robin er 26 år og nett blitt forlaten av mannen han trudde var den eine. Den plutselege kjærleikssorga opnar for ei erkjenningsreise av dei sjeldne; ei gransking av eige liv og bakgrunn som skeiv utlending i Noreg.

Vinjerock inviterer til bokbad i Aasmund Olavsson Vinje si eiga hytte, Vinjebue, med Robin og romanen Han, solo. Bokbadet vert leia av Sondre Biltvedt, student i norsk språk og lingvistikk ved NTNU.

Foto: Camilla Grindheim Larsen

 

Difor er nynorsk best!

Kva er verdas beste skriftspråk? Nynorsk så klart! Vinjerock inviterer til en artig sofaprat om verdas beste skriftspråk. Med oss i panelet har me Robin Van de Walle, Kristin Fridtun og Aasmund Nordstoga.

Foto: Gudrun Kristine Semons, Linda Bournane Engelberth, Bård Bøe, Camilla Grindheim Larsen

 

Filmvisning av Polyfonatura

Polyfonatura er ein opplevande dokumentarfilm om musikar og lydkunstnar Eirik Havnes, hans fangst av naturlydar og hans komposisjon av eit symfonisk verk med naturen som orkester. Vinjerock gjev deg ein unik moglegheit til å få med deg Polyfonatura når me visar den prisvinnande filmen på Parkscena i sommar.

 

 

Solbjørg om Vinje

Solbjørg har drive Fondsbu meir enn 20 år, og ho kjenner Aasmund Olavsson Vinje betre enn dei fleste. I Vinjebua tar ho deg med på ei ferd gjennom livet hans og ikkje minst vegen fram til Eidsbugarden hans, som er krydra med både pågangsmot og livskraft, glede, sorg og tragedie. Gjennom intens karaktertolking og bruk av hans eigne tekster blir du drage inn i Vinje sitt univers og du kan gløyme omverda for ei lita stund.