Sist oppdatert 16. januar 2023

LEDIGE POSISJONAR I VINJESTABEN

Ein posisjon i Vinjestaben er frivillig. Du går inn i ein stab rett i overkant av 30 gruppeleiarar som jobbar heile året med å førebu Vinjerock. I løpet av året har staben fire faglege og sosiale samlingar. Som stabsmedlem får du ta med deg ein gjest gratis, samt tilgang til å kjøpe to festivalpass til venner og andre godar. Ikkje minst får du vere med å forme korleis Vinjerock skal vere i framtida!

 

Rigg kjøkken (NK)

Som rigg kjøkken har du ansvar for at kjøkken blir rigga opp/ned og organisert på ein god måte som gjer at det fungerar som det skal. Du lagar ein produksjonsplan for korleis kjøkkenet skal riggast opp og ned og likar gode system. Du jobbar tett i team med bevertning og då spesielt matsjef og rigg kjøkken (NK). Stillinga krev forarbeid og planlegging, men hovudvekta av arbeidet vil liggje under avviklinga av festivalen. Du er tilgjengeleg/tilstades på festivalen så lenge det er frivillige som jobber med kjøkken. 

Ansvarsoppgåver:

  • Ansvarleg for å bistå personal kjøkken (NK) i å rekruttere omkring 80 frivillige saman med frivilligsjef og øvrig stab (me jobbar saman).
  • Sette opp dagsplan for kva dei frivillige skal gjere og møte desse saman med personell kjøkken (NK) og matsjef når dei kjem på vakt og gje dei naudsynt informasjon.  
  • Sørgje for at dei frivillige har den informasjonen dei treng for at det skal vere kjekt å vere frivillig 1060 meter over havet. 
  • Lage ein produksjonsplan for opp/nedrigg av kjøkken.
  • Ta imot leveransar, sørgje for god logistikk på kjøkken, lager og kjøle og halde oversikt over kva me har og kva me treng. 
  • Sikre at arbeidsstad oppe på Eidsbugarden er klart for å ta imot dei frivillige
  • Jobbe i team med matsjef og rigg kjøkken (NK) for å sikre gode rutinar og drift av kjøkkenet.

 

Spørsmål om stabsposisjonane? Send e-post til dagleg leiar Guro Furunes Pettersen, guro.furunes@vinjerock.no eller nå ho på 91751135.